Draumefangaren

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er dsc03807-1-714x1024.jpg

Vandrevisning 26.-28. juli & 2.-4. august 2019

«På grensa til galskap» og «hjernen får næring å tygge på» er tilbakemeldingar frå pressa.

 “Det er på grensen til galskap å laga noko så svært og annleis og rart ute i vill natur.  Draumefangaren har potensiale i seg til å bli ei årleg oppsetjing med både nasjonal og internasjonal tiltrekningskraft. Frikar er meistrar i å skapa ikoniske bilde. Hallgrim har eit blikk for ur-komposisjonar som inkluderer kropp, stein, tau, tre og vatn. Han har fått med seg folk med ekstreme dugleikar, som bidreg til eit speningsnivå som til tider held folk heilt på neglebitarstadiet.” – Leiaren i Avisa Valdres.

Opplev FRIKARs utselte publikumssuksess frå 2018, no i ny versjon! Ver smart og sikre deg billett før det blir utselt igjen. Og kanskje denne opplevinga er årets julegåve?

“Åbjørajuvet kan vera både vakkert og skremmande på same tid. Perfekt som naturleg kulisse for “Draumefangaren” der publikum er like mykje deltakar som iakttakar. Plasserer publikum inn i ei heilt spesiell verd, ei draumeverd!

Ei vandring i skogen der ein stoppar opp og iakttar alt frå stilleperformance til det som nærast er som tatt utifrå ei Cirque du Soleil-forestilling. Hjernen får næring til å tygge på inntrykka. Mildt sagt spektakulært. Ein treng ikkje å vera kjenner av moderne dans for å finne “Draumefangaren” spennande eller gjevande.” – Oppland Arbeiderblad.Avsnitt

Vatnet har i tusenvis av år slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Vi har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgja mellom.  Begge er 2,5 km lange. Du møter eit 20-tals kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk, skulpturar og installasjonskunst. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 45 min danseframsyning ved ein foss.

Sjå trailer: https://vimeo.com/frikar/draumefangaren